Fiskesesongen varer frå 15. juni til 15. august. Det blir fiska etter laks heile sesongen, og fram til 1. juli er det berre tillate med fluge. Fiskereglane blir fastsett kvart år av Stryn Elveeigarlag.

Lysvoll si strekning går frå Strynevatnet til Sætre på sørsida av elva, ca tre km.  På nordsida av elva går Lysvoll si strekning frå Strynevatnet til Stauribrua, ca to km. Størstedelen av strekningane disponerer Lysvoll aleine. På deler av den øvste og den nedste strekninga har vi motfiske. Deler av dette motfisket er regulert, medan andre delar har fritt fiske på begge sider.

Lysvoll disponerer mellom 15 og 30 fiskehølar, avhengig av sesong og vassstand, herunder nokre av dei beste hølane i elva.

Fske 3.jpg

 

Fiske 4.jpg