Lysvoll blei bygd i 1892 som oppholdsstad for engelske sportsfiskarar som kom til Stryn for å fiske laks. Tidlegare budde fiskarane enten på hotellet i Stryn sentrum eller på gardane oppover langs elva. På gardane var det trangt, og frå hotellet var det lang veg til dei gode fiskeplassane. Engelskmennene ville derfor ha sin eigen plass å bu, så Lysvoll blei bygd for desse engelske sportsfiskarane. I over hundre år blei Lysvoll aldri blitt brukt til noko anna, og den dag i dag blir Lysvoll hovedsakeleg brukt av sportsfiskarar.
Lysvoll har fem doble og to enkle rom, tre bad, spisestue, salong og kjøkken. I kjellaren er det god plass til omkledning og tørking av kle. Uteområdet er stort, med fleire fine plassar å oppholde seg på.
I tillegg til hovedhuset er det to rom i annekset med eige bad.